Aktuelle meninger, Ukategorisert

Er vi alle ekstremistar?

fevaag-oppdatere      |      13. mars 2015

Kva slags ekstremist vil du vere? 

Av Peter van de Groep

Var Jesus ein ekstremist? Freske av Emanuel Vigeland i Vålerenga kyrkje. Foto: Liv Silva Holmesland

Var Jesus ein ekstremist? Freske av Emanuel Vigeland i Vålerenga kyrkje. Foto: Liv Silva Holmesland

Ordet «ekstremisme» er eit substantiv som er samansett av to delar; substantivet «ekstrem» og suffikset«-isme». La oss byrje med suffikset «-isme» som kom inn i det norske språket gjennom fransk «-isme» og latin «-isma/-ismus» av gresk «ισμός» («ismós»). Det brukast til å danne substantiv som til dømes ateisme, organisme, kapitalisme, skeptisisme. Ord som sluttar på «-isme» har ofte med ein aksjon, ein tilstand eller ei doktrine (ein vitskap eller eit trussystem) å gjere.

Ville dei påstandane vi støttar og dei politiske posisjonane vi framhevar ikkje vorte sett på som ekstreme og utanfor når vi vurderer dei med auge av ein som levde mye tidlegare, eller ein som lever i ein annan kultur?

Substantivet «ekstrem» tyder «ytterlegheit». Ordet har komme seg inn i det norske språket gjennom fransk «extrême» av latin «extremus», som tyder «ytst». Ordet «extremus» er eit superlativ som svarar til adjektivet «exterus» som tyder «ytre», komparativ av «exter» som tyder «utanfor, framand». Ordet «exter» har òg gjeve oss lånorda «ekstra» og «ekstern». Sjølve ordet «exterus» byggar på «ex-» («ut/frå») og «-ter» («ved sida av»). Ein kan altså seie at ordet ekstremisme tyder ei doktrine som er ytst. Det er artig å tenkje på at sjølv om ordet «ekstremisme» allereie vert danna frå eit superlativ, så kan vi likevel gradbøye det og snakke om «mest ekstremistisk». Det er som å seie «mest ytst»; tydelegvis er ekstrem ikkje ekstremt nok for oss menneske.

Sjølv om dette er den etymologiske rota, er ikkje alle samde om kva ekstremisme eigentleg er. Ifølgje Dr. Martin Luther King er vi alle ekstremistar då han skreiv: «… the question is not whether we will be extremists, but what kind of extremists will we be.» I det same brevet påstod han at Jesus, Paulus, Luther, Jefferson og Lincoln alle var ekstremistar. Dette er kanskje eit viktig poeng og noko som er verd å hugse når vi ser på ulike former av ekstremisme som pregar verda vår no for tida. Er vi ikkje òg ekstremistar? Ville dei påstandane vi støttar og dei politiske posisjonane vi framhevar ikkje vorte sett på som ekstreme og utanfor når vi vurderer dei med auge av ein som levde mye tidlegare, eller ein som lever i ein annan kultur?

Vil vi vere ekstremistar for kjærleik, sanning og godleik? Eller er vi ekstremistar for hat og umoral?

Er det slik at vi berre gjev opp og slappar av i denne behagelege lenestolen vi kallar for kulturrelativisme? Det er ikkje det Martin Luther King kallar oss til. Han skreiv i dette brevet at vi må vere kreative ekstremistar, at vi må sjå på ekstremistane som Jesus som var kjærleiksekstremist: «I den dramatiske sena på Golgata, vart tre menn korsfesta. Vi må ikkje gløyme at alle tre vart korsfesta for same lovbrot – ekstremisme. To var ekstremistar for umoral, og difor fell dei under omgivnadene deira. Den andre, Jesus Kristus, var ein ekstremist for kjærleik, sanning og godleik, og dermed steig han over omgivnadene sine.» Med tanke på alt som føregår i Syria og Irak no, og det avskyelege åtaket i Pakistan i desember, er det kanskje ekstra viktig å tenkje på desse orda.

Vil vi vere ekstremistar for kjærleik, sanning og godleik? Eller er vi ekstremistar for hat og umoral? Jamstilt sånn høyrest det kanskje litt ekstremistisk ut, synst du ikkje?

Dette innlegget ble først publisert i studenttidsskriftet Argument

peter

Peter van de Groep (f. 1986) har bachelor i germansk språk og litteratur ved Windesheim University of Applied Sciences i Nederland og master i filosofi og etikk ved Vrije Universiteit Brussel i Belgia.

 Religioner.no lenkar: 
 
 

 ,