Aktuelt, Ukategorisert, Uncategorized

Gods of Egypt – visuelt storslått, men langt frå kjeldene

fevaag-oppdatere      |      4. april 2016

Filmen Gods of Egypt har blitt beskyldt for mye rart, men ingen har «anklaget» den for å være tro mot kildene. 

Av Reinert Skumsnes

Førre veke premierte Hollywood-filmen ”Gods of Egypt” på norske kinoar. Plottet i filmen er velkjent: helten skal redde verda og sin store kjærleik. Regissøren Alex Proyas lagar derimot sin eigen vri inspirert av egyptisk mytologi: ved hjelp av guden Horus skal helten vekkja sin store kjærleik frå dei døde, og guden Seth må stoppast frå å øydeleggje dette livet, samt livet etter døden.

Internasjonalt har filmen fått breidd mediedekning lenge før premieren. I Norske media har filmen fått hard medfart, og er blant anna omtala som «en kalkun av episke proporsjonar – men ikke dårlig nok til å være god (Dagbladet)»; «et makkverk av en film (Filmpolitiet NRK P3)»; «og gudsjammerlig kjedelig (Aftenposten)». I USA har tilbakemeldingane vore meir blanda, og filmen er blant anna omtala som:  «extravagantly silly ersatz epic with a lunatic conviction you can’t help but admire (Variety) og ridiculous, offensive and tremendously fun (The Guardian)».

Kvitvasking, rasisme og diskriminering?

Mykje av grunnen til den rike mediedekninga er skuldingar om kvitvasking, rasisme og diskriminering. Bette Midler tvitra blant anna: «Movie, #GodsOfEgypt in which everyone is white? Egyptians, in history and today, have NEVER been white. BRING BACK GEOGRAPHY!! It’s Africa!»

Filmselskapet Lionsgate og regissør Proyas har begge kome med offentlege orsakingar i ettertid, og vedkjenner at dei skulle vore meir sensitive ovanfor mangfaldet i den gamalegyptiske kulturen.

Filmen er tidvis langt frå kjeldene, og sjølv om regissør Proyas sannsynlegvis ikkje har hatt som mål å vera kjeldenær, er det på sin plass med nokon oppklaringar.

Korleis såg eigentleg Egyptarane ut for 2000-5000 år sidan? Landet har ikkje berre vore del av diverse folkevandringar opp gjennom tidene, men viktigare ligg landet i kryssingspunktet mellom tre verdsdelar. Kjeldene viser at det gamle Egypt særleg hadde kontakt med Nubia, Midtausten, Middelhavsverda og Libya, og innanfor Egypt sine grenser reknar ein med stor variasjonane både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Problemet er at dei visuelle framstillingane var underlagt strenge reglar for korleis og i kva for samanhengar ting kunne framstillast (Baines 2007). Rett nok var etniske særtrekk eit av mange verkemiddel kunstnaren hadde, og brukte, men desse markørane var først og fremst knytt til lågare sosiale lag, og helst ved representasjon av krigsbytte. I framstillingane av eliten var variasjonar i hudfarge, klede, hårfrisyre og pyntegjenstandar snarare markørar for alder, kjønn og sosialt tilhøyre (Robins 1994). Slik forstår ein at visuelle representasjonar også i det gamle Egypt var normative, frå den mannlege eliten sin ståstad, og ikkje nødvendigvis skildra røynda. I røynda var det etnisk variasjon på alle nivå av det sosiale hierarkiet, og dei visuelle representasjonane vert tolka som bevis for at assimilering var viktigare for eliten enn å skilje seg ut gjennom etniske markørar.

Myta og konflikten mellom Horus og Seth

I den egyptiske kulturen hadde mytologi ei sentral rolle. Dette veit me fordi mytiske karakterar og hendingar gjennomsyrar egyptisk kunst, arkitektur og litteratur, og mange av rituala som vart utført av konge og presteskap var basert på nettopp denne mytologien. Dei hadde stor ideologisk forklaringskraft og vart særleg nytta til å forklare den sosiale røynda, naturfenomen, og i dette tilfellet legitimere samfunnsform og kongemakt. Mytene eksisterte i mange ulike variantar og var ofte geografisk spesifikke. ’Folk flest’ tok del i mytologiske iscenesettingar under storslåtte festivalar, men ein reknar også med at privatkult stod sterkt. Mytologisk kunnskap var kanskje først og fremst viktig som reiskap for å overleve farane i dette livet, men også i livet etter døden (Pinch 2004).

Myta om Horus og Seth utspeglar seg i ei mytisk verd utan menneskelege aktørar. Myta må sjåast i forhold til andre myter, og dette gjeld kanskje særleg skapingsmyta frå Heliopolis: I denne myta er det den androgyne guden Atum som skapar seg sjølv, før han skapar søskenparet Shu og Tefnut – luft og fukt. Shu og Tefnut skapar så Geb og Nut – jord og himmel. Geb og Nut skapar så to søskenpar: Osiris og Isis, som regjerte over det svarte landet – Nildalen/Nedre Egypt, og Seth og Nepthys, som regjerte over det raude landet – ørkenen/Øvre Egypt. Seth er sjalu på Osiris, og lurer han i ei felle. Osiris vert drepen, og kroppsdelane vert spreidd over heile Egypt. Dei to søstrene Isis og Nepthys sørgjer over tapet av Osiris, og reiser land og strand for å samle saman alle kroppsdelane. Gjennom bruk av magi gir dei så nytt liv til Osiris. Osiris vert konge i livet etter døden, og Isis vert gravid. Ho føder Horus, og held han skjult for Seth inntil Horus er gamal nok til å ta opp kampen mot onkelen sin (Kistetekstane: Faulkner 1973, Shaw 2014). Her startar filmen ”Gods of Egypt”.

I likskap med andre myter, eksisterer den konkrete myta om Horus og Seth i ulike variantar frå ulike tidsperiodar. Eg vil her gjengi myta slik den er fortalt i papyrus Chester Beatty I frå Ramses V (1149-1146 fvt.) si regjeringstid. Horus er altså gamal nok til å hevde sin rett, og gjer dette føre eit dommarpanel beståande av dei ni store gudane (Enneaden). Horus, Seth og mange andre gudar uttalar seg, men det skal gå over 80 år utan at Enneaden klarar å einast. Seth utfordrar difor Horus til manndomsprøvar: Dei to skapar seg om til flodhestar, og kjempar om å vera under vatn lengst, men gudinna Isis nyttar magi til Horus sin fordel før kampen er over. Isis vart så forlokka av Seth, og ein rasande Horus kappar hovudet av Isis. I skam over det han har gjort gøymer Horus seg, men Seth finn han og straffar Horus ved å fjerne augo hans. Gudinna Hathor brukar sine helande evner, og ser slik til at Horus får augo attende. Enneaden likar ikkje konflikten som er oppstått mellom dei to, og tvinger dei til å gjere opp på fredeleg vis. Seth inviterar difor Horus på eit måltid med påfølgjande overnatting, men han har baktankar. Om natta tvingar Seth seg på Horus seksuelt, men ved hjelp av Isis sine magiske krefter klarar Horus å snu dette til eigen fordel. Dette resulterer i at Enneaden dømmer i Horus sin favør. Seth nektar derimot å godta dette, og nok ein gong utfordrar han Horus: Dei to byggjer kvar sine skip for å segla om kapp, men Seth skapar seg om til ein flodhest og knuser skipet til Horus. Horus er derimot snartenkt og skyt Seth med harpun. Nok ein gong er dommarpanelet misnøgde med konflikten mellom dei to, og kampane vert stoppa. Horus søker så hjelp frå gudinna Neith, før Osiris til sist er den som overtalar Enneaden til Ken kt anna vorelmen errressa gjennom eg erg d sterkttuelt liv i privatkulten. erarkiet,ller ikkje mykje for seg å vera for faglå fatte ei avgjerd: Horus vert utnemnd som konge på jorda, og Seth tek plass i solbåten føre solguden Pre-Horakhti (Simpson 2003).

Myta er ideologisk viktig fordi den etablerer ein standard for arvefølgja i det gamle Egypt frå far til son, samtidig som ideen om ein guddommeleg konge vert etablert gjennom triaden: Osiris som den døde kongen, Horus som den levande kongen, og Isis som kongen si mor. Kjønn og seksualitet står også sentralt, og gudinnene var sentrale aktørar: Isis beskyttar ved hjelp av magi, Hathor spelar på seksualitet og helande kunnskap, og Neith brukar autoritet som gudane si mor. Alle klarar dei å påverke utfallet, og er avgjerande for å halde ved like det sykliske tilværet som var så viktig for dei gamle egyptarane. Dette siste ser me derimot lite til i filmen.

Kjerna i myta, som er forsoning representert blant anna gjennom Enneaden si rolle, er totalt fråverande i filmen. Frå fagleg hald vert konflikten mellom Horus og Seth tolka som synonymt med kaoset (på gamalegyptisk: isfet) som råda i forhistorisk tid, men også i såkalla mellomperiodar då sentralmakta var svak/ikkje-eksisterande. Den viktigaste rolla til kongemakta var å sørgje for ro, velstand, og harmoni (på gamalegyptisk: maat). Foreininga av Egypt under ein konge, var blant dei viktigaste symbola på den egyptiske kongemakta. Seth som symbol på det vonde er eit fenomen som veks fram i gresk-romersk tid, og dikotomien godt/vondt er først og fremst eit vestleg fenomen.

Mytene må forståast på sine eigne premiss, i sin eigen kontekst. Rett nok kan me kjenne oss igjen i mange av elementa, men mange er også kulturspesifikke og slik vanskelege å forstå i vår verd mange år-tusen vekke frå det gamle Egypt. Eit reiskap som kan hjelpe oss å forstå, eller i alle fall prøve å forstå, kan difor vera nettopp fantasy/science-fiction sjangeren. Dette er ein sjanger som av mange er karakterisert som eit liminalt rom, der ein spelar på forskjellar mellom røynd og fantasi, likskap og forskjell med hensikt å utvide den kognitive horisonten (kva som er/har vert/kan vera). Her har dessverre filmen ”Gods of Egypt” mykje å gå på.

Slik eg ser det, har filmen ”Gods of Egypt” eit altfor sterkt fokus på dei fysiske kampane, og ved hjelp av dei overnaturlege elementa dyrkar regissøren macho- og action-element som ikkje først og fremst samsvarar med dei egyptiske kjeldene, men kanskje har meir til felles med fantasy/science-fiction sjangeren. Dette er ein sjanger som tidlegare også har henta mykje inspirasjon frå gresk og romersk, men også norrøn mytologi, og må seiast å vera ein sjanger for spesielt interesserte.

Som fagperson har eg eit klart ynskje om høgre kvalitet, større presisjon, og ikkje minst større sensitivitet for det kulturspesifikke. Likevel kan eg sei på generelt grunnlag at eg er svært glad for at populærkulturen plukkar opp tema frå det gamle Egypt i sine uttrykk (sjå også artikkel i Aftenpostenhttp://www.aftenposten.no/viten/Myta-om-det-gamle-Egypt-7833325.html 19.12.2014). Det er klare vitnesbyrd om at interessa for fortida, og i dette tilfellet det gamle Egypt, framleis lev i beste velgåande. Det er no opp til kunnskapsinstitusjonane våre å leggje til rette for å byggje vidare på denne interessa gjennom formidling av ’korrekt’ kunnskap.

reinert skumnesReinert Skumsnes

Leiar, Norsk Egyptologisk Selskap

Stipendiat, Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, UiO.

 

 , , , , ,